Lokallagsleiarane er kalla inn ti leiarmøte 7.-8.november på Scandic Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen for fagleg påfyll og sosialt samvær. Heldige oss får besøk av generalsekretær Sigrid Hjørnegård og styremedlem Konrad Kongshaug frå Norges Bondelag sentralt. Det opnar for god kunnskapsbygging og dialog.

Du som er ny leiar vert ynskt velkommen til å kome onsdag kveld!

Som nyvald leiar i eit lokallag er du ynskja onsdag kveld , den 6 november klokka 19:00, for og vere med fylkesstyret i middag. Fylkesstyret dekker kostnaden ved den ekstra natta på hotell.

Torsdag morgon klokka 08:30 – 11:00 arrangerer vi organisasjonskurs for dykk som er nye leiarar. De vil få tilsendt program for dette når det nærmar seg.

Oppmøte klokka 11:00 på torsdag den 7.nobember.

Leiarmøtet tek til klokka 12:30 på torsdag den 7. november.   Registrering frå klokka 11:00.  Lunsjen tek til klokka 11:30.   Møtet vert avslutta fredag med lunsj klokka 13:00.  På heimveg vert det lagt til rette for gardsbesøk for dei som ynskjer det.  Nærmare informasjon om dette kjem i møtet.

Det er leiaren i lokallaga som er kalla inn til leiarmøte. Dersom leiar ikkje kan delta, er det flott om ein informerer styret om dette,  slik at ein annan i styret kan kome.

 

Påmelding her innan 30. oktober.

Har du spørsmål som vedkjem påmelding ring 57 83 70 80 eller send e-post til Nora Strømberg Amble;  nora.stromberg.amble@bondelaget.no