Årsmøtet i fjor vart digitalt, og vi gler oss til å sjå alle saman! Vi reknar med at det vert god stemning når utsendingar frå 74 lokallag møter styret og gjester i Ullensvang i mars.

På programmet står politiske diskusjonar, framtida for Vestlandsbonden, meir norsk grønt i disken, nye tankar frå grøne gründerar og sjølvsagt årsmøtesaker.

Alle lokallaga har fått brev med innkalling og lenke til påmelding via Questback. Dersom lokallaget har meir enn ein utsending, har lokallagsleiar ansvar for at alle melder seg på.

Vel møtt!