Heldige er vi som får så mange flotte bilete frå bøndene og medhjelparane kring i fylket vårt. Førre helg var prega av mykje nedbør, og der nokon har hatt hellet med seg å fått sanka heim buskapen, har andre hatt mindre flaks og måtte gå fleire turar for å leite etter dyra sine. 

For sankelaget til Gunnar Osland og Jon Hatlelid var det ei god sankehelg.  I alt var det 17 personar som gjekk i området Stordalen, Fagerdalen og Portafjellet i Askvoll kommune på leiting etter sauane som har fått gått på fjellbeite og gjort seg nytte av det ferske graset som føl snøgrensa i løpet av beitesesongen. 

Dyr i sikte?  (Foto: Tonje Eidsnes)

Tida er inne for at sauane skal ned igjen frå fjellet  (Foto: Frode Eidsnes)

Viktig å kose litt med dyra (Foto: Frode Eidsnes)

Flokken samla (Foto: Marie Osland)

Etter ein sommar på fjellet er det på tide å kome ned til låglandet igjen (Foto: Tonje Eidsnes)

 

I Sundsdalen var dei mindre heldige med sankinga sist laurdag. Denne dagen konsentrerte dei seg om området nord for Kvandalsvatnet og elva som kjem frå inste Kvandalen. Etter å ha traska i regnet laurdag, kunne Per og Ingeborg Ravndal samt Gunnar og Anne-Siril Bruland konstantere at berre 25 + 29 dyr vart funne. Sankelaget byrja nesten å lure på kvar sauane hadde gjort av seg. 

To av sankarane på veg ned mot inste Kvandalen (Foto: Kirsti Solheim)

Nokre sauar har kome på plass i inngjerdinga (Foto: Kirsti Solheim)

Gjetarhunden Ted saman med eigar Per Ravndal. (Foto: Kirsti Solheim)

Etter sanking var det tid for god mat og sankeprat i hytta til Gunnar Bruland (Foto: Kirsti Solheim)

Grilla pølse, saft og sjølvsagt litt laursdagsgodt stod på menyen (Foto: Kirsti Solheim)

Ein våt Ted kunne kose seg i hytta. No gjenstod det berre å få lasta dyra på hengar å få dei heim. (Foto: Kirsti Solheim)