Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levande kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine.

Stiftelsen Norsk Kulturarv deler ut kvalitetsmerket Olavsrosa til opplevingstilbod med basis i norsk kulturarv som er av særs høg standard. Det er ikkje mange som har fått merket, og det seier litt om kvaliteten på tilbodet på Øvre-Eide gård.

Garden ligg ved Jordalsvatnet i Åsane i Bergen, tett opp mot det gamle slakterianlegget til Nortura. Garden har historiske røter heilt tilbake til 1500-tallet, og Øvre-Eide var frå gamalt av ein Lyst-gard. Familien til Arild har hatt hand om garden i fleire generasjonar.

Garden fekk Olavsrosa for to år sidan, men grunna pandemien vart tildelinga utsett. No var det endeleg tid for ein høgtidleg tildeling og feiring med omkring 70 gjester. Ordførar i Bergen, Linn Kristin Engø, og ordførar i Vestland Fylkeskommune, Jon Askeland, gav også ei rosande omtale av garden. Slik den framstår i dag er vern gjennom bruk er den berande tanken, og dei historiske verdiane er godt  ivaretatt. 

Sauar og hestar beitar nær opp til garden. I låven er det det plass til dyr i første etasje og gjester som blir servert utsøkt lokalprodusert mat i andre etasje. Det er no 6 heiltidstilsette og ca 30 deltidstilsette på garden. Nytt av året er at det skal arrangerast Grieg-konsertar. Dette fekk gjesteie ein smakebit av under tilstelninga.

Du kan lese meir i Åsane Tidende.