Kvart år sidan 2010 har Hordaland Bondelag kåra årets lokallag under fylkesårsmøtet. Prisen er eit diplom og 10 000 kroner. Tittelen går til det det laget som har vist størst engasjement gjennom året. Lokallaget må vere god på omdømmebygging i tillegg til å ha aktivitetar for eigne medlemer.

 Årets lokallag i Hordaland går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Styret i Hordaland Bondelag meiner Os Bondelag framstiller landbruket på positiv måte og har gode tilbod for medlemene. Laget fylte 150 år i 2017 og hadde ekstra stor aktivitet i samband med jubileet.

Juryen la vekt på at lokallaget har hatt jamn og god aktivitet i mange år. Dei engasjerer seg politisk og er alltid med når det er aksjon og fylkessamlingar. I 2017 heldt dei eit høgt tempo med mykje engasjement og blest i media.

«Bondens Dag» i september vart det største arrangementet i «manns minne» med særs gode tilbakemeldingar. Mellom anna sa Frøydis Haugen frå Norges Bondelag at ho var «stum av beundring».

I samband med 150-års jubileet arrangerte Os Bondelag ein flott jubileumsfest for medlemer og gjester. Før festen hadde dei eit dyrkingsprosjekt der kortreist kål og poteter frå plantekassar i sentrum skulle brukast til får-i-kål middag på festen.

Dei har også gitt ut ei flott jubileumsbok «All kultur er dyrken».