Klasseinformasjon for 9 skuletrinnet er eit av prosjekttiltaka ved Sande skule denne våren, der også gardsbesøk med informasjon om gardsdrift og tilrettelagde arbeidsoppgåver på ein gard for elevar på 8 skuletrinnet, er ein del av landbruksnæringa sitt samla aktivtetstilbod ved skulen denne våren.

I klasseinformasjonen over ein klokketime for 9. skuletrinnet inngjekk det fellesinformasjon om bondelaget og samvirket i dei to parallelle klassane. Dei neste to timane var det klassevis stasjonsundervisning med informantar frå Tine, Felleskjøpet og Nortura, der dei informerte meir i detalj om arbeidsoppgåver, sysselsetjing og yrke knytt til samvirkeorganisasjonane sine bedrifter og produsentteneste.

Involverte i klasseinformasjonen frå venstre: Dag Starheim, Nortura, Finn Ove Kårstad, rådgjevar ved skulen, Kari Marie Njåstad, Tine, Arild Grimeland, Nortura, Grim Erik Gillestad, Felleskjøpet  

Formålet med informasjonen er å stimulerer elevane til å velge ei framtidig naturbruksutdanning, kompetanse og yrke knytt til matproduksjon i jordbruket si verdikjede frå jord til bord. Ikkje minst er dette tidsaktuelt med utgangspunkt i at Stortinget har bestemt at vi skal auke norsk matproduksjon med 1% årleg fram til 2030, i takt med befolkningsveksten.

-Finn Ove Kårstad seier som rådgjevar ved skulen, og som bonde, at slik informasjon frå landbruksnæringa er viktig der prosjektaktivitetane lett kan integrerast i ulike fag og pensum ved skulen. Han ønskjer at tiltaket også vert gjennomført i neste skuleår.