I klår og frisk haustluft kosa familiar og andre seg på Open Gard på Støfring i Jølster. Små barn set alltid pris på tradisjonelle Open Gard aktivitetar som køyring med trøtraktorar og høyhopping, og ikkje minst å helse på kyr og kalvar. Det fekk dei rikeleg høve til på Støfring søndag. Natursti og mjølkespannhalding var aktivitetar som engasjerte både store og små. Og ingen Open Gard utan god og tradisjonsrik mat. Kari Støfringsdal frå Fjordamattunet sytte føre at 300 natronkaker og sveler frå 20 liter røre fekk "bein å gå på"...  

Isak gjer alt klart til høyhoppinga

Mmmm...Svelekaker er godt og høyrer med på Open Gard. Og Kari steikjer mange om gongen.

Berre å vente på tur... så er det full fart av garde.

Open Gard på Støfring søndag var med på å avrunde Matamål-helga 2013