Tusen besøkjande møtte opp i det strålande haustveret, seier leiar i Voss Bondelag, Lars Istad. Bondelaget hadde eigen stand, men det var også mange andre aktivitetar. Jurklutkasting var populært, og det same var riding, og køyring med hest og vogn.

Bygdekvinnelaget stod for matservering, skogeigarlaget serverte skogskaffi og 4H hadde fuglekassespikring, steiking av pinnebrød og hesteskokasting. Tine hadde smaksprøvar og hjå Bygdeundomslaget var det køyring med trøtraktor.

I ridehallen vart det arrangert kalvemønstring, og fjøset på skulen var sjølvsagt ope, slik at dei som ville kunne sjå på dyra der.

Tekst: Voss Bondelag. Takk til Svein Ulvund for flotte bilete.
Fleire bilete på www.vossnow.net

Bøker frå den Grøne Skulen

Flinke jenter på kalvemønstring

Leiar i Voss Bondelag, Lars Istad, under premieutdeling for kalvemønstringa

Steking av pinnebrød

Gøy med trøtraktor!