Breimningane inviterar store og spesielt små til Open Gard på Norsk Fjordhestgard på Breim komande helg. Bondelaget, Bygdekvinnelaget, Sau og Geit og Fjordhestgarden i Breim, med gode samarbeidspartnerar lagar til aktivitetar kring landbruk. Det vert hopping i høyet og fleire ulike dyreslag å helse på. Få med deg kalvemønstring kor ungane skal vise fram kvar sin kalv. Muleg å helse på griser, høner, ku, kalvar, lam og kosing med småkje som fleire har sakna siste åra.

Det vert gjetarhundoppvisning kor hunden på ein imponerande måte samlar saman sauer og fører dei i den retninga som gjetaren ynskjer.

Det vert presentasjon av kor smidig og effektivt ein sau kan bli klypt med maskin. Ungane kan ri gratis og sitte på med vogner rundt på området. Det vert natursti og mykje triveleg aktivitet under tak i ridehallen på fjordhestgarden.

Vi ynskjer og at dei frammøtte skal få friska opp kunnskapen om korleis partere eit lammeslakt og salte det til jul. Få med deg fleire salsboder og ei mindre maskinutstilling vert å sjå. Arrangørane ynskjer deg velkomen til ein triveleg dag og få deg gjerne middag i kafeen på låven.

 

 

Breimningane ynskjer vel møtt til ein triveleg dag!