Eit utruleg flott opplegg på Bømlo. Godt organisert parkering, knall gode på smittevern å dei besøkande fekk rett og slett  eit veldig godt inntrykk av Open gard gjennomføringa. 

 

Vèret var ikkje heilt med Bømlo bondelag under gjennomføringa, men uansett så hadde dei eit besøk på mellom 650 -700 personar.

 

Dei besøkande var heldige å fekk helse på grisar. Dei fekk også møte ammekyr, kalv og stut. I tillegg var det både sauer og kyllingar. 

 

Fatland hadde grilling av mat.

 

Og Nortura hadde slaktebil som folk kunne inn å sjå i.

 

Det var mange folk som deltok, og fleire born stillte spørsmål og var nyfikne. 

 

Magne og Olaug var vertskap for dagen. Her står Magne med blomster frå Vestland Bondelag, som takk for at dei arrangerte Open Gard på Bømlo.