Mange aktivitetar under open gard på StordDet vart ein strålande dag på Førland 4H-gard hos Guro Holmberg og Knut Vikane, seier leiar i Stord Bondelag, Torunn Eikeland. - Det var nydelig vèr og masse folk. Me hadde mange aktivitetar som natursti og tipp vekta på grisen. Dei som kom syklande til gards var med i trekkinga av ein ny sykkel frå "Sykkel og Sport".
 
Huglo Bondelag og Fitjar Bondelag grilla pølser og karbonader, Stord Sau og Geit var parkeringsvakter, Stord Bygdekvinnelag selde kaker og Stord Skogeigarlag kokte skikkelig skogskaffi der pengane gjekk til 4H. Berit Ahlberg frå Børtveit Hestesenter køyrde hest og kjerre til glede for både små og store.

Fusa
Arild Nydegger Øvre-Eide frå Hordaland Bondelag vitja Strandvik Mjølk der Lars Inge Vik og familen var vertskap.

Eg var imponert over alle som kom på arrangementet, seier Arild, og ikkje minst over insatsen til dei som stelte i stand. - Det var veldig kjekt å treffe bønder i Fusa Bondelag, legg han til.

Os
Arild var også på Bondens Dag i Os. Han fortel at også dette var eit svært vellukka arrangement med utroleg mykje folk. Os bondelag hadde tatt med seg griser, kvige, kalvar, hester, sauer og lam. I tillegg var det hester frå Moldegaard som barn kunne ri på. Hesteskokasting med deltakarar frå de ulike politiske partia var også ein stor suksess.

Radøy og Sveio
På Askeland på Radøy stilte Sølvi og Harald Rune Askeland garden sin til disposisjon. Det var mange dyr å sjå på, og aktivitetar som trøtraktorsertifikat, mjølkespann halding og ridning.

Sveio Bondelag arrangerte Open Gard saman med Skåre Bondelag på Flatnes. Gardsverter var Laila Flatnes Skarveland og Håvard Skarveland. Dei kunne by på utstilling av dyr og mjølkerobot, oppvisning med gjeterhund, natursti og diverse konkurranser.

Gjeterhundoppvisning på Open Gard på Radøy

Open Gard på Stord

Os Bondelag på Bondens Dag

Open Gard i Sveio

Open Gard i Sveio