- Det er Imponerande aktivitet i laget, sa lokallagsleiar Peder Nernæs då han deltok på årsmøte i Vossestrand Bondelag. Han hadde eit innlegg i møtet med nytt frå fylkeslaget og Bondetinget.

Egdetveit Bygdekvinnelag serverte rjomegraut og spekemat og lagde lun stemning i ungdomshuset Solhall. Oddbjørn Bratthole fekk fornya tillit som leiar. Dei andre i styret er Lars Arne Hemre, Bjørn Atle Nesheim (attval), Margrethe Sandvik(ny) og Hege Nesheim.

Bilde: Peder Nernæs.

Det nye styret

 Vossakling er tradisjonsmat og vert servert ved høgtidlege høve som jol, brudlaup og årsmøte i lokallaget.