Under årsmøtet i Hordaland Bondelag laurdag, vart Frøydis Haugen valt som ny leiar i Hordaland Bondelag. Frøydis vart valt inn som nestleiar under årsmøtet i fjor. Ho hadde tidligare vore 3. vara i fylkesstyret og lokallagsleiar i Austrheim/Lindås Bondelag.

Planen var at Frøydis skulle få nokre år som nestleiar under ny leiar Terje Larssen, før ho tok på seg leiarvervet. Då Terje vart sjuk og måtte gje seg som leiar i fjor sommar, fekk Frøydis ein bratt læringskurve som konstituert leiar. Ho tok vervet på strak arm og har gjort ein kjempeinnsats. Under årsmøtet takka ho resten av styret for god hjelp til å takle utfordringa.

På laurdag vart ho valt som leiar, og takka for tilliten. Størsteparten av styret frå i fjor vert med vidare.  Knut Byrkjenes Hauso frå Ullensvang vert ny styremedlem, for å dekke produksjonsområdet frukt. På varaplass fekk vi inn Anita Irene Jordalen.

Bak f.v: Leif Arne Lirhus, Bodhild Fjelltveit og Åse Kleppe. Framme f.v: Frøydis Haugen, Kari Heggenes Kvammen, Frode Handeland og Kjetil Mehl

 Les meir i Strilen