Til tillitsvalde i lokallaga:

Jordbruksforhandlingane – aksjonsberedskap No er det snart klart for årets jordbruksforhandlingar, og det er naudsynt å førebu aksjonsberedskap. Fylkesstyret skal handsame plan for aksjonsberedskap i møte 26. april. Kom gjerne med innspel til styret før møtet.

Kampanje Det er mange lokallag som planlegg kampanjedag med barnehage eller skule. Dette kjempebra! Vi vil gjerne ha bilete med litt tekst frå kampanjen. Hugs at de må ha lov frå føresette før de publiserer bilete av barna. Skule og barnehage har ofte avklart dette på førehand, så spør dei tilsette.

Tips til bilete er ein person frå bondelaget med eit eller fleire barn som kan tas bilete av. Det er alltid fint med dyr på biletet. De kan også ta bilete på litt avstand utan at ein ser andleta på barna.

Open Gard Påmeldingsfristen til Open Gard går ut fredag. Påmelding skjer via denne lenkja:

Askeladden 2016 Vi minner om Askeladdprisen til den beste bygdegründeren. Prisen er eit samarbeid mellom Norges Bondelag og Landkreditt, og vert delt ut til unge etablerarar på bygdene. Frist for å søkje i år er 17. april. Les meir på bondelaget.no

Nye og utmeldte medlemer Liste over nye og utmeldte medlemer etter 13. januar ligg ved. Ta gjerne kontakt med nye medlemer for å ønskje dei velkomen. Tips til brev/e-post til nye medlemer ligg på nettstaden vår: (sjå under Medlemsverving).

Ekstranett Alle kan logge seg på ekstranett. Ta gjerne kontakt med oss dersom de treng hjelp, eller passord. Leiar kan ta ut lister, endre verv og sende sms og e-post gjennom ekstranett. Logg deg på:

Styreverv i lokallaget Er lista oppdatert? Leiar kan oppdatere verv på ekstranett, eller de kan sende oss ei liste over kven som sit i styret no. Sjå vedlegg for oversikt over kven som er registrert med styreverv hos oss. Dersom du får dette brevet og ikkje er med i styret, kan du sende oss ein e-post.

Helsing oss på kontoret