Frøydis er tilsett i eit forprosjekt som skal skaffe oversikt og finansiering for eit treårig prosjekt med arbeidstittelen «Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket». Partnarskapen i Vestland (Statsforvaltaren, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge) står bak, men det er Vestland Bondelag som eig forprosjektet. 

- Vestland Bondelag og Partnarskapen tar landbruket si klimaavtale på alvor. Vi har difor som mål å etablere eit treårig klimaprosjekt for Vestlandsjordbruket, seier organisasjonssjef i Vestland Bondelag, Lars Peter Taule. - Vi er glade for at Frøydis Haugen har sagt ja til å leie forprosjektet. Det er viktig å ha god framdrift, klimaavtalen løper og vi må vise at vi kan kutte i utsleppa.

Frøydis har vore lokallagsleiar og fylkesleiar i Hordaland, og ho harnyleg vore andre nestleiar i Norges Bondelag. Ho hadde sin første arbeidsdag som prosjektleiar i går.

- Først skal eg få oversikt over klimaarbeidet i Vestland Bondelag, seier Frøydis. Eg vil også ta kontakt med samvirkeorganisasjonane og andre samarbeidspartar for å koordinere arbeidet. Vi ønskjer at eit samla landbruk skal stå bak hovudprosjektet. Etter kvart kan eg lage ein prosjektplan som vi håpar kan få finansiell støtte. Planen skal forankrast i Landbruket sin klimaplan og FNs berekraftmål.

Frøydis har ein kontorplass i Bondelaget sine lokalar i Bergen i tillegg til heimekontor.