Nye ordningar skal kompensere straumkostnader for næringslivet

- Det er bra at ordninga kjem, og at der er ein opning for produsenteigde pakkeri. Det er likevel viktig at det vert arbeidd vidare med å sjå på løysingar som kan gjere ordninga betre for lager og pakkeri, slik at vi sikrar lagringskapasitet for norske frukt og grønsaker utover hausten og vinteren seier styremedlem Kari Sigrun Lysne.
Lysne kjem med sin kommentar i samband med at Regjeringa i dag kom med ein ny pakke med kompensasjon for høge straumkostnader. Denne gongen er ordningane retta inn mot næringslivet. - Vi må bruke noko tid på å setje oss inn i dei ulike tiltaka og vurdere kva moglegheiter ordningane vil gje for pakkeria, held Lysne fram.
Dagens pakke er ikkje ei ei direkte straumstøtteording. Det er meir ei samling av ulike ordningar og tiltak. Det kjem mellom anna ei ny energitilskotsordning til verksemder som set i verk tiltak for å kartlegge energibruken og redusere bruken av straum. Det vert også gjort skattemessige grep som vil gjere det meir gunstig å tilby meir langsiktige og føreseielege fastprisavtalar på straum. Det vert arbeidd vidare med detaljar i dei ulike ordningane.
Du kan lese meir om ordningane på Regjeringa sine sider.