Kurset vert gjennomført som webinar og har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei 1200 deltakarane som allereie har teke kurset.

Påmelding

Meld deg på via skjemaet i lenkja nedanfor.   Du må sende inn ei påmelding per deltaker, også dersom fleire personar frå same verksemd ynskjer å delta.

Torsdag 8. april, klokken 10.00-14.00: Meld deg på her.

Tysdag 13. april, klokken 15.00-19.00: Meld deg på her.

 

Om kurset

Kurset er utvikla av Norges Bondelag, Gartnerhallen, Norsk Gartnerforbund og Norsk Landbruksrådgivning, med innspel frå Arbeidstilsynet, Skatteetaten og politiet. Kurset sitt mål er å tilby oppdatert kunnskap og nyttig rettleiing for bonden i rolla som arbeidsgjevar.

Kva tema vert tekne opp i kurset?

Kurset vil gi en god oversikt over rettsregler som gjeld i eit arbeidsforhold. Det vil seie arbeidsgjevar og arbeidstakar sine rettar og plikter.  Det vil også komme tips til korleis arbeidsgjvaransvaret kan følgjast opp i praksis. Dette inkluderer mellom anna gjennomgang av:

  • Arbeidsavtalen
    • Krav til innhald i avtalen, og forhold med særlig betydning ved sesongarbeid
    • Prøvetid og oppseiing
  • Løn og arbeidstid
    • Timeføring, gjennomsnittsutrekning og overtid
  • Innkvartering
    • Buforhold, lønstrekk og hygiene
  • Andre forhold
    • Skattemessige forhold, sjukepengar, forsikring, obligatorisk tenestepensjon, dokumentasjon og HMS.

Innleiarar på kurset

Jan Bangen, advokat og fagsjef kurs, Norges Bondelag

Tove Ladstein, konsulent Norsk Gartnerforbund

Bidragsytere fra Arbeidstilsynet og Skatteetaten

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis å delta på.

Kven er kurset for?

Kurset er ope for alle og passar primærpodusentar med arbeidsgjevaransvar i jordbruket.  Kursa vil primært ha fokus på sesongarbeidskraft, og er spesielt nyttig for grøntprodusentar og eventuelt andre som har trong for ekstra arbeidskraft i sesong.

Er kurset obligatorisk?

Fleire varemottakere av grøntprodukter har uttalt at kurset vil vere obligatorisk for deira produsentar. Dette gjeld til dømes NordGrønt og Gartnerhallen. 

Har du spørsmål eller er i tvil om kurset er obligatorisk for deg? Kontakt din organisasjon.

Kontaktpersoner

Norges Bondelag: Amund Johnsrud, amund.johnsrud@bondelaget.no, tlf.: 975 41 842

Gartnerhallen: Gunn Jorunn Sørum, gunn.sorum@gartnerhallen.no, tlf.: 934 05 255

Norsk Gartnerforbund: Tove Ladstein, tovel@gartnerforbundet.no, tlf.: 979 56 454

Norsk Landbruksrådgiving: Jan Otto Åsen, jan.otto.aasen@nlr.no tlf.: 480 37 161

NordGrønt: Odd Hveem, odd@totenlok.no, tlf.: 906 66 003 eller Johan Presthus, johan.presthus@coop.no, tlf.: 970 34 187