Bondelaget har no ein kamapanje der vi utnemner bondevenner som veit kva landbruket bidreg med og at norsk matproduksjon er viktig!

Gunnar og Sidsel Tufta frå Joker Omastrand er gode Bondevenner. Arne Tufta var ikkje tilstades då biletet vart teke

Dei fire dyrlegene i Kvam og Jondal på Kvam Vetrinærvakt vart utnemnt til Bondevenner. Birgitte Tveter ser du på biletet. Dei tre andre; Margrethe Stølen-Ness, Bjørn Erik Østgård og Magnus Nyborg, var ute og jobba. Det er ein travel periode for dyrlegene no i lamminga.

Bondevenn Birgitte Spedstad Tveter er veterinær i Kvam og Jondal

Jan Mo driver Jan Mo transport. Han køyrer rundballer, skjellsand og kunstgjødsel rundt om til bøndene. Han gir alltid god service.

Jan Mo gir alltid god service, og Standebarm-Tørvikbygd Bondelag har kåra han til Bondevenn

Bondevenn Sverre Sørnes driv Strandebarm Sportell. Her med lokallagsleiar Annhild Oma