Lars Istad vart takka av.På Årsmøtet til Voss Bondelag vart Grethe Monica Haug vald til ny leiar etter Lars Istad, som hadde sagt frå seg attval. Med seg i styret fekk ho Lars Bø, Knut Gjøstein, Bjørnar Nedkvitne og Mads Stavrum.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker heldt Renate Lunde, Vossabia, innlegg om kva ein kan få til på eit vestlandsbruk. Kari Mostad frå Voss herad og Peder Nernæs, leiar i Hordaland Bondelag orienterte om aktuelle saker. 

Voss Bondelag har no 278 medlemer. Grunna korona-pandemien vart det eit spesielt arbeidsår for Voss Bondelag. Men før landet vart stengt ned i mars vart det arrangert ein vellukka bondefest der 81 personar deltok. Det har også vorte gjennomført studiering og sendt uttale om jordbruksoppgjeret. 

Bondelaget deltek i "Piggtrådprosjektet" i Voss herad, prosjektet "Biogass på Voss" og prosjektet "Karbonfangst i vossalandbruket". Bondelaget deltek på 4H-festane og deler ut skeier i lag med bygdekvinnelaget.

Open Gard som kvar haust vert laga til på Voss vidaregåande skule med omlag 1000 gjester, vart i år avlyst grunna koronarestriksjonar. Elles har styret sendt uttalar i aktuelle saker til Voss herad og Hordaland Bondelag.

Den 24. oktober arrangerte bondelaga på Vossjerninnsamling. Mange bønder nytta høvet til å rydda rundt låven, og kvitta seg med utrangert utstyr. Det kom inn15 tonn jernskrap på 4 timar. Bondelaget serverte kaffi og kaker, og det vart ein vellukka dag både miljømessig og sosialt!

Tekst og bilde: Voss Bondelag og Peder Nernæs

Jerninnsamling