Ny leiar i Voss Bondelag

Her kan du lese om årsmøtet og om jerninnsamlinga førre laurdag.
På Årsmøtet til Voss Bondelag vart Grethe Monica Haug vald til ny leiar etter Lars Istad, som hadde sagt frå seg attval. Med seg i styret fekk ho Lars Bø, Knut Gjøstein, Bjørnar Nedkvitne og Mads Stavrum.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker heldt Renate Lunde, Vossabia, innlegg om kva ein kan få til på eit vestlandsbruk. Kari Mostad frå Voss herad og Peder Nernæs, leiar i Hordaland Bondelag orienterte om aktuelle saker.
Voss Bondelag har no 278 medlemer. Grunna korona-pandemien vart det eit spesielt arbeidsår for Voss Bondelag. Men før landet vart stengt ned i mars vart det arrangert ein vellukka bondefest der 81 personar deltok. Det har også vorte gjennomført studiering og sendt uttale om jordbruksoppgjeret.
Bondelaget deltek i "Piggtrådprosjektet" i Voss herad, prosjektet "Biogass på Voss" og prosjektet "Karbonfangst i vossalandbruket". Bondelaget deltek på 4H-festane og deler ut skeier i lag med bygdekvinnelaget.
Open Gard som kvar haust vert laga til på Voss vidaregåande skule med omlag 1000 gjester, vart i år avlyst grunna koronarestriksjonar. Elles har styret sendt uttalar i aktuelle saker til Voss herad og Hordaland Bondelag.
Den 24. oktober arrangerte bondelaga på Vossjerninnsamling. Mange bønder nytta høvet til å rydda rundt låven, og kvitta seg med utrangert utstyr. Det kom inn15 tonn jernskrap på 4 timar. Bondelaget serverte kaffi og kaker, og det vart ein vellukka dag både miljømessig og sosialt!
Tekst og bilde: Voss Bondelag og Peder Nernæs