Ny gjødselbrukforskrift utfordrande for vestlandsbonden
- Denne regelverksendringa er eit døme på at vi har fått ei for sterk sentralisering av norsk matproduksjon både nasjonalt og regionalt, skriv dei to fylkesleiarane Gry Ingvild Agjeld i Vestland og Olav Håkon Ulfsnes i Møre og Romsdal i fylkeslaga sitt felles innspel til Norges Bondelag
Det medfører at i bygder der fleire bønder har investert og utvida produksjonen er det for lite jordbruksareal medan vi i andre bygder har rikeleg med areal. Sentraliseringa av produksjonen skapar miljøutfordringar som nye forskrifter prøver å «rydde opp i». «Oppryddinga» skapar nye kostnader og utfordringar særleg for dei husdyrbøndene som har investert, utvida produksjonen og gjort slik politikken har lagt opp til.
Innspelet frå dei to fylkeslaga kjem som eit svar på høyring sendt ut av Landbruks- og matdepartementet vedrørande framlegg til ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel m.v. "Gjødselbrukforskrift".
Dei to fylkeslaga er samde om at framlegget vil få store konsekvensar for mange driftseiningar i Vestland og Møre og Romsdal. Her er hovudmomenta i innspelet frå fylkeslaga:
- For lite spreieareal vil særleg vere ei utfordring for bygder med mykje mjølkeproduksjon.
- Det vil vere trong for å investere i større gjødsellager – vanskeleg å finne gode tal for kor mange dette vil gjelde
- Trongare spreievindauge er utfordrande når vertilhøva ikkje spelar på lag.
- Flytting av forvaltningsnivå vil gje redusert lokalkunnskap kring dei ulike driftseiningane og redusert fleksibilitet på utvida spreievindauge om hausten for dei som av gode grunnar vil trenge det
- Det kan oppstå ein målkonflikt som truleg vil vera gjeldande med krav om mindre bruk av husdyrgjødsel. Påverknad på kvaliteten på grovfôret, og moglegheit til å hauste meir grovfôr med høgare proteinprosent må sjåast meir grundig i samanheng med grenseverdiar i ny gjødselbruksforskrift.
For mange element i høyringsnotatet er for dårleg utgreidd. Det er urealistisk å innføre nytt regelverk allereie frå januar 2025.
Vi vil særleg peike på kapittel 11; økonomiske og administrative konsekvensar som vi meiner er delvis mangelfullt.
- Konsekvensar på einskildbruksnivå bør synleggjerast med døme. Dette gjev utfordringar for dei som har investert, men det er også utfordrande for bruk som skal investere og utvide produksjon for å gjere investeringa økonomisk lønsam.
- Det er ikkje peika på korleis den sterke interne sentraliseringa av husdyrproduksjonen i ulike fylke forverrar konsekvensane av regelverksendringa.
- Bygder med ledig areal er ikkje dei same bygdene som bygder med underskot på areal
- Miljømessige og økonomiske konsekvensar ved transport kjem ikkje fram.
- Biogassanlegg – kva med avfall frå fisk og mat til dømes?
- Har kommunane ressursar til å godkjenne innmarksbeite? Svært lite beiteareal er omsøkt og godkjent i dag. Det som er godkjent er ikkje digitalisert
§ 20
- Det er svært urimeleg at driftseiningar med like utfordringar i Rogaland og på Vestlandet elles vert handsama ulikt når det gjeld grenser for gjødsling med P. Dei dyktige produsentane med store avlingar på vestlandet får eit anna forvaltningsregime enn alle bruk i Rogaland. Inndelinga for ulike reglar er ikkje målretta nok.
- Balansegjødsling er nybrotsarbeid. Det må utarbeidast hjelpemiddel som er gratis for bonden å bruke. Arbeidet må evaluerast og følgjast opp undervegs. Vi saknar ei god konsekvensutgreiing ved bruk av balansegjødsling og kva for utslag dette vil gje for bonden, for avlingsnivået, for klimaarbeidet på garden, for bruk av husdyrgjødsel ved grasdyrking og for kvaliteten på grovfôret. Det er uklart i gjødselforskrifta kva som trengs av dokumentasjon frå bonden si side for å tilfredsstille kravet til balansegjødsling. Vi ber om ei grundig og fagleg utgreiing kring praktisering av balansegjødsling. Inntil agronomiske, økonomiske og praktiske konsekvensar er belyst, kan ikkje ny gjødselbruksforskrift trå i kraft.
Du kan lese heile innspelet frå dei to fylkeslaga HER Innspelet frå fylkeslaga inngår som grunnlag i Norges Bondelag sitt arbeid med å forme ut høyringssvar i saka. Norges Bondelag har frist til 20. juni med å kome med sitt innspel.