Ny bonde samling på Skei

Klar for å bli med på ei kjekk samling på Skei 3.-4.november? 1. september er siste frist for earlybirdpris, så hiv deg rundt og meld deg på!
* Vi har veksla mellom å arrangere samling i tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland.
* Førre samling i november 2022 var i Sogndal. Nytt av året er å ha to arrangement etter kvarandre i gamle Sogn og Fjordane.
* Samlinga i 2024 vert i Hordaland.
* Det plar vere ei populær og sosial samling der plassane fyller seg raskt opp.
Samlinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland Bondelag, Tine, Nortura, Felleskjøpet Agri, Landkreditt og Gartnarhallen.
Både nye og unge bønder er velkomne til samling 3.-4.november 2023. Vi håpar å sjå kjente og kjente fjes. Årets samling vart lagt til Thon Hotell Jølster på Skei. Dette for å kunne bygge vidare på fjorårets samling.
Det er eit variert program med sofaprat, omvisning/gardsbesøk, innformative foredrag og sosialt program.
Påmelding gjer du her.
Pris
Pris oppgitt per person. Gje beskjed ved behov for ekstra overnatting så ordar vi det.
Som medlem under 35 år i Norges Bondelag blir ein større del av deltakaravgifta dekka.
Ved påmelding før 1.septeber er prisen noko billegare (earlybird pris). Vi gjer merksam på at påmeldinga er BINDANDE. Prisane under er oppgitt som EARLYBIRDPRIS/PRIS ETTER 1.SEPTEMBER.
Medlem bondelaget under 35 år
Dobbeltrom 0 kr / 300 kr
Enkeltrom 200 kr / 500 kr
Dagpakke og middag 0 kr / 300 kr
Ikkje medlem bondelaget/medlem over 35 år
Dobbeltrom 700 kr / 1000 kr
Enkeltrom 1200 kr / 1500 kr
Dagpakke og middag 700 kr / 1000 kr
Ved spørsmål, ta kontakt med Birgitte Bjaanes på tlf.: 41 56 57 58 eller birgitte.bjaanes@bondelaget.no