Landbrukssamvirke Vest har gleda av å ynskja velkommen til «Ny bonde»-samling. Samlinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland Bondelag, Tine, Nortura, Felleskjøpet Agri, NLR, Landkreditt og Gartnarhallen.

Nye og/eller unge bønder er velkommen til samlinga i Norheimsund 1.-2. november. Vi håpar sjå både nye og kjente fjes.

Det er eit variert program med sofaprat, gardsbesøk, foredrag og sosialt program.

Lenke til påmeldinga finn du her.

BILETE: ProgramBILETE: Program

 

Pris

 

Prisane inkluderer kost og losji. OBS! Dobbeltromma kan berre bookast for to personar, prisane som vart oppgitt inkluderer kost og losji for begge deltakarane.

Enkeltrom, medlemm i Bondelaget 800 kr
Enkeltrom, ikkje medlem i Bondelaget/ over 35år 2500 kr
Dobbeltrom, begge er medlem i Bondelaget  900 kr
Dobbeltrom, ein er medlem i Bondelaget 1750 kr
Dobbeltrom, ingen er medlem i Bondelaget/ over 35år 3000kr

 

Ved spørsmål, ta kontakt med Nora Strømberg Amble på tlf. 91 70 07 51 eller  nora.stromberg.amble@bondelaget.no.

 

Ta gjerne ein kikk på Facebook arrangementet vårt.