Fylkesleiar Kjetil Mehl med nytt æresmeldem Ole Jan Gavlen under årsmøtet i Sotra og Øygarden BondelagOle Jan Gavlen har vore medlem sidan 1980, og har hatt fleire tillitsverv. Han har vore leiar av styret i 11 år, nestleiar i 4 år og leiar i valnemda i 5 år.

Gavlen fekk diplom og blomar under årsmøtet i Sotra og Øygarden Bondelag 6. desember. Leiar Kjetil Mehl var representant frå fylket.

I grunngjevinga for utnemninga skriv styret i lokallaget:

Ole Jan har i sitt arbeid for Bondelaget hatt ei målsetting om det beste for landbruket på lokalplan og er ein respektert talsmann for landbruksnæringa i kommunane våre.

Han har vist eit stort engasjement for næringa vår, han skal ha æra for at lokallaget har hatt ein aktivitet også etter at han slutta som leiar. Ole Jan er ein løysningsorientert og positiv person som ser løysningar på det meste.

Ole Jan har stilt heimen til disposisjon til styremøte og årsmøte i mange år, det har vore tradisjon med julemiddag i kombinasjon med årsmøte i lokallaget, Ole Jan og kona Liv har laga til pinekjøtt med dessert og kaffi i over 20 år med nokre få unntak, noko som medlemmane har satt stor pris på.

Han var opptatt av at bondekvinnelaga skulle ha god aktivitet og vilkår for sitt arbeid, var også medlem i lokalt næringsråd mange år.

Utnemninga er godkjend av styret i Norges Bondelag og styret i Hordaland Bondelag.