November er den store vervemånaden i Norges Bondelag, og Sogn og Fjordane Bondelag er klar til dyst. - No forventar eg at alle lokallaga brettar opp erma og er med på å verve nye medlemer for å få eit sterkt og godt Bondelag, seier leiar i verveutvalet i Sogn og Fjordane Bondelag, Nils Magne Gjengedal.

Gjengedal minner om at styret i Sogn og Fjordane Bondelag har vedteke at verveaktivitet i lokallaga skal lønnast med aktive lokallagsmidlar. - Krava som er sett her er å verve minst 1 nytt bruksmedlem og minst 2 nye personlege medlemer innan 10.desember, og dette er absolutt overkommeleg for alle lokallaga våra.  

- Det er utruleg viktig at vi har ein stor, sterk organisasjon som kan jobbe heile vegen for det som er viktig for den norske bonden.  Her er det plass for alle storleikar og alle produksjonar frå heile landet, og det er viktig at alle er med slik at vi får fram alle dei ulike utfordringane og problemstillingane bøndene i landet har. Difor er verving ei svært viktig oppgåve for oss, seier Gjengedal.

I vervemånaden november vankar det flotte premiar til både lokallag, fylkeslag og einskildpersonar som vervar. So verv eit medlem, og du kan vere med på å vinne følgjande premiar:

  • Beste lokallag med høgast medlemsvekst får kr 30.000 som kan brukast på ein tur til Oslo (med besøk til Norges Bondelag) for lokallagsstyret, eller eit arrangement for medlemene i lokallaget.
  • Fylkeslag med høgast medlemsvekst får bondelagskokken til disposisjon for fylkeslaget for ein kveld
  • Alle som vervar er med i trekning av eit gåvekort hjå De Historiske
  • Dei vanlege vervepremiane (t-skjorte og gåvekort på Felleskjøpet) gjeld som vanleg i vervemånaden

Les meir om korleis du kan verve nye medlemer, individuelle vervepremiar og bestill vervematerial HER.

Slik melder du inn nye medlemer:

  1. Gå inn på www.bondelaget.no/medlem Velg medlemskategori og fyll inn opplysingane
  2. Send inn innmeldingskort til Norges Bondelag eller fylkeskontoret (kan bestillast eller lastast ned i nettbutikken)
  3. Send SMS med teksten BONDE <namn, telefonnummer og verva av> til 2030, so vil vedkommande bli oppringt av nokon frå Norges Bondelag i løpet av nokre dagar.

Lykke til med vervinga!