Når du går i butikken og kjem til hyller smekkfulle i sjokolade, vingummi, drops, chips og anna (som ungdommen kallar det) digg, tenkjer du då over kor dette kjem frå? Me i landbruket er svært opptatt av at forbrukaren skal handle norsk mat for å støtte opp om norsk landbruk og dermed norske arbeidsplassar. Bør ikkje me ha same tankegangen når me handlar inn laurdagssnopen, og særskilt no som me handlar inn påskesnopen? 

Det var ikkje heilt lett å finne ut kvar snopen er produsert. At kakaobønnene ikkje er frå Norge er gjerne lett å forstå, men om ikkje anna kan det vere greit å vite kvar ferdigproduktet er produsert slik at vi i det minste kan vere med på å støtte norske arbeidsplassar og norske bedrifter. Ein ringerunde rundt til fleire av dei store kjende merkevarene sin forbrukartelefon gav eit lite tankekors - det var ikkje lett å finne ut kva snop som var produsert på norske råvarer. 

Freia Melkesjokolade - eit lite stykke Norge, er den norsk? Vi tok ein telefon til Mondelez som er konsernet som eig Freia, og etter å ha blitt satt over nokre gonger fekk vi svar på korleis vi kan vite om sjokolanden er norsk. - Bak på sjokoladane, i same ruta som du finn best før datoen, står det ein bokstav- og talkode. Dersom denne startar med bokstavane "OGO" så betyr det at sjokoladen du har i handa er produsert på Freia fabrikken i Oslo. Dette gjeld som regel alle dei klassiske Freia sjokoladane - Melkesjokolade, Firkløver, Kvikk Lunsj osv., seier kundekontakta. 

Vil du vere sikker på at Freia sjokoladen din faktisk er eit lite stykke Norge? Sjå eter "OGO" på baksida av sjokoladen, då er den produsert i Oslo. 

Freia er som sagt eigd av Mondelez som er eit større internasjonalt konsern. Av norske produsentar har vi Nidar og Brynildgruppen som store selskap. Begge har fabrikkane sine i Norge, henholdsvis Trondheim og Fredrikstad. Brynild eig Minde sjokolade som tidlegare heldt til i Bergen, men som no har flytta fabrikken austover til Fredrikstad. Uansett, begge leverar godt norsk snop. Dropsfabrikken Metier produserer drops i Oslo.

Hval sjokoladefabrikk i Sandefjord kjempar for å få plass i hyllene i daglevarebutikkane. Det har ikkje vore lett for ein liten produsent, men du kan finne produkta deira på nett og i nokre butikkar. Dei lagar snop av marsipan, sjokolade, lakris, gele og skum.

Dei seinare åra har det dukka opp fleire mindre produsentar på søtsaker, spesielt sjokolade. Her må me sjølvsagt trekke fram Fjåk frå Eidfjord. Dei produserar sjokolade heilt frå botn av, og lista over prisar dei har vunne er så lang at den fortenar ei eiga nettsak. Det er flott å sjå små, lokale bedrifter bli etablerte. Andre lokale produsentar er Geiranger sjokolade,Paul Evers som lagar sjokolade av råvarar frå Brüssel og Vestlandet og Cacaobønnen i Os som mellom anna sel trøffel med bringebær Hardanger.

Kanskje de har fått noko å tenkje over neste gong de går i snopehylla?