Laurdag 6.februar er det 125 år sidan Norges Bondelag vart stifta, og dette må sjølvsagt markerast! Alle medlemer blir invitert til å delta på ei digital markering av dagen, gjennom å dele bilete og video i sosiale media. Vi håpar at medlemene i Vestland Bondelag har lyst til å vere med på denne markeringa. 

Du kan delta i feiringa slik: 

  1. Ta eit bilete eller lag ein liten gratulasjonsvideo frå garden din – få gjerne med dyr, plantar, produksjon, rett og slett det DU driv med som bonde. Flott om du har eit flagg du kan få med på bilete, eller gjer noko anna for å markere «bursdags-feiringa». Kanskje de kan ha ei lita samling i lokallaget? Tenne i ei bålpanne og ta utelunsj? Ha med eit flagg i hagen eller i fjøsen? Lage ein bursdagslunsj, kake, bollar eller anna bakst? Gå på skitur og ta eit utsiktsbilete over flotte landbruksbygder (gjerne med eit lite flagg)?  Det er uendelege moglegheiter for gode motiv! ? 
  2. Legg det ut i sosiale media – Facebook og Instagram. Merk bileta med #norgesbondelag125år og #norgetrengerbonden
  3. Send bilete og gjerne nokre få ord om kor bilete er tatt til hanne.lisbeth.nybo@bondelaget.no  Vi kjem til å lage ei oppsummeringssak på måndag der vi viser alle bileta som har kome inn. 

125-års jubiléet kjem til å bli feira gjennom heile året, tilpassa dei til eikvar tid gjeldande smittevernreglane. Les meir om Jubileiumsfeiringa her. 

Bli med på feiringa du òg!