Nøkkelen til ei grøn framtid ligg i omstilling til ny verdiskaping med utgangspunkt i fornybare ressursar.  Da hjelp ikkje med populistiske og kortsiktige løysingar, held Felde fram.   Fylkesleiaren i Bondelaget håpar at Sveinung Rotevatn tek seg tid til å kome ut og lytte til landbruket og anna næringsliv sine løysingar på ei framtid der vi skal vere med å nå FN sine 17 bærekraftsmål.  Nøkkelen til løysingane ligg i stor grad i korleis vi klarar å forvalte dei fornybare ressursane våre,  held Felde fram.  Landbruket sit på mange av løysingane gjennom korleis areal vert nytta og halde i hevd.

 Ved sidan av ansvar for klimapolitikken får Rotevatn, som Statsråd også ansvar for korleis rovviltpolitikken skal løysast.  Dette er eit politikkområde med stor grad av konflikt.  – Det vil vere viktig for oss at Rotevatn lyttar til Stortingsfleirtalet, og ikkje minst at han reiser ut og tek del i dialog med dei som har skoa på, held Felde fram.   - Vi deltek gjerne i dialog både på tema eit grønare Norge, bruk og vern samt rovviltpolitikken, avsluttar Felde.

Dette biletet er henta frå temadag om landbruk i Fjaler før valet i 2013.   Sveinung Rotevatn t.v. var Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i perioden 2013-2017.  Det siste året har han vore Statssekretær i Klima og Miljødrpartementet.   Frå i dag tek han over det viktige politiske vervet som Norges Klima og Miljøminister.  Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer han lukke til med viktig arbeid.