- Vi fekk fleire påmelde enn det var plass til på kurset, så planen er å ta ei ny runde på nyåret, seier Myrmel Øren.   Kurset vart halde av Arnt Laukeland og gjekk over 2 dagar, der første dag var innandørs under tak på låven til Ove Myrmel og 2. dag var i skogen til Ove Myrmel.  Deltakarane fekk felle tre og utfolde seg på ein teig som skal hoggast ut pga vegbygging.   Kurset i Gaular hadde 10 deltakarar i alderen 15 - 64 år.

Styret valde å legge vekt på at dei yngste medlemmane skulle prioriterast.  Vi valde å dekke halve kursavgifta for medlemer under 20 år.   Dette resulterte også i at vi fekk 3 nye medlemer seier ein nøgd lokallagsleiar.   

Frå motorsagkurs i Gaular

Gaular Bondelag søkte Sunnfjord kommune om rentemidlar som er tiltenkt bruk innanfor skogbruk.  Lokallaget fekk tilsagn om at rentemidlar dekka 50 % av kursavgifta for deltakarane.  Lokallaget samarbeidde også med Lundegrend grendalag om gjennomføringa.  Grendalaget hadde ansvar for mat til deltakarane på dag 2.  Mat på dag 1 vart servert på dugnad frå medlemer i Gaular bondelag.  Godt døme på samarbeid i ei bygd.

Kursdeltakarane i Gaular

Norddalsfjorden hadde også motorsagkurs i haust

I november inviterte Norddalsfjord Bondelag til motorsagkurs.  Kurset vart ei fin og lærerik oppleving for deltakarane.

 

Deltakarane på kurset i Norddalsfjorden