Møte om Inn på tunet i Vestland
Vestland Bondelag vil invitere alle Inn på tunet-tilbydarar i fylket til eit digitalt informasjonsmøte 30. august klokka 15.00.
I vår har det vore diskusjon i media omkring merkevara Inn på tunet. Det var til dømes eit oppslag i Bondebladet 8. april der det vart stilt spørsmål om Stiftelsen Norsk Mat sin forvaltning av merkevara og etablering av samvirket Inn på tunet Norge.
Vestland Bondelag er opptatt av å ta vare på både merkevara og tilbydarane. Det er viktig med god kommunikasjon og samarbeid, difor inviterer vi til eit digitalt møte for alle tilbydarar.
Program
15:00 Velkomen ved Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag
15:10 Kva skal til for å bli ein IPT-gard, og kva er verdien av merkevara Inn på tunet?
IPT-bonde Solveig Lilletvedt
15:20 Merkeordninga Inn på tunet.
Bjørn Austad Hvaleby, Stiftelsen Norsk Mat
15:35 Presentasjon av samvirkebedrifta Inn på tunet Norge
Hege Lindstrøm, dagleg leiar av IPT Norge SA
15:50 Korleis arbeider Norges Bondelag med IPT?
Amund Johnsrud, Norges Bondelag
16:00 Spørsmål og diskusjon
16.30 Møte slutt
Alle som er påmeldt får lenke til deltaking og framgangsmåte til korleis ein skal kople seg på.
Påmelding til vestland@bondelaget.no innan 28. august.