Minneord Reiel Felde

Æresmedlem Reiel Felde gjekk bort den 26. februar 2023. På årsmøtet i Vestland Bondelag vart Reiel Felde minna.
Nils Gjerland, som var styremedlem den gong Reiel Felde var styreleiar i Sogn og Fjordane Bondelag skreiv minneord som han las opp ved båra til Reiel den 3. mars 2023. Dette minneordet vart lese opp i årsmøtet i fylkeslaget den 9. mars av møteleiar:
Reiel Felde var æresmedlem i Sogn og Fjordane bondelag. Det er ein heider for dei få.
Vi møttes som tillitsvalde i bondelaget på 80 talet, og fann fort tonen. I fleire år arbeide vi med tilskiping av landbruksdagane for Sogn og Fjordane, Fellesrådet for Vestlandet, og ikkje minst i styre for Sogn og Fjordane Bondelag, der han var ein naturleg leiar.
Noverande tillitsvalde i fylkesbondelaget har bede meg om å framføre ei takk i dag, frå dei og alle i Vestland Bondelag for det Reiel har betydd for oss i landbruksnæringa.
Reiel var bonde med heile seg. Han var sterkt oppteken av dyrevelferd og etikk i produksjonane.
Han var fagleg sterk i drøftingane, og deltok med stort alvor på leiting etter løysingar på store og små problem. Alltid uten tungsinn, og humoren og latteren var aldri langt borte.
Men fram om alt var han oppteken av bonden som yrkesutøvar, som matprodusent og kulturberar, og å framsnakke desse verdiane.
Vi opplevde Reiel som ein klok, omgjengeleg raus og romsleg tillitsmann, ein velviljens kar. Vi deltar i dag med respekt og takksemd, og eg vil no dele min tekst farvel til ein ven.
Sjå korleis flagga blafrar, og vinkar, .. ”farvel”.
Med kraft frå den evige vinden, dei bølgjer og fell.
Vi strevar og gler oss for livet, men merkar at tida kjem, og svinn hen.
For livet, det er ei reise , med døden som følgjesvenn.
Landet med hav og dalar, og fjella, med utsyn frå.
Ein heimstad her, for oss, der vi kjem, bur, og må gå.
Vi lyt sjå opp mot sola, som høgt der oppe sviv,
og sender sitt lys og varme, til våre liv.
Vi held fast på dei gode minna, om det som ein gong var.
So tar vi vel i mot tida, den tida vi enno har. ( Les sløyfe) Breim 3.mars 2023 Nils Gjerland
Sløyfetekst:
Vår takksemd. Kvil i fred
Vestland Bondelag
På biletet ser vi Reiel Felde saman med dåverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes og representantar for SMOK samdrift i Fjaler. Reiel leia komiteen som plukka ut vinnarar av prisen årets Matprodusent i 2011 i Sogn og Fjordane. Åshild delte ut prisen og vinnarane var Straumsnes Mjølk og Kjøt (SMOK).