Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområder.

I hovudsak er det beitelag som kan søkje på dette tilskotet, men der naturgjevne eller driftsmessige tilhøve ikkje legg til rette for samarbeid har og enkeltbeitebrukarar også tilgang til å søkje på tilskotet.

Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Eksempel på tiltak som kan vere aktuelle for tilskot:

 Sanke- og skiljeanlegg
 Bruer dimensjonert for dyr og folk
 Sikring av skårfeste
 Gjetarhytter/sankehytter
 Diverse andre investeringar som til dømes driftsvegrydding, saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.

Les meir på fylkesmannen.no.

Last ned søknadsskjemaet.