Under pressekonferansen i dag vart det sagt fleire gonger at klimakutt i jordbrukssektoren skal skje i samarbeid med jordbruket. Landbruket sin klimaplan fekk ros, og fleire av tiltaka i denne planen vart nemnt, mellom anna klimakalkulatoren. Kosthaldsrådet om kutt i raudt kjøtt var ikkje nemnt som eit tiltak, tvert i mot vart det sagt fleire gonger at det ikkje var med i planen.

Det kan likevel vere verdt å leggje merke til at regjeringa vil arbeide for "å endre matforbruket i den norske befolkninga slik at matforbruket i størst mogleg grad blir i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet". Det er sjølvsagt viktig med eit sunt kosthald, men dersom alt offetleg innkjøp vert fokusert på mindre kjøtt, kan det likevel få konsekvensar for norsk landbruk.

Det kjem meir informasjon om klimaplanen etter kvart. I mellomtida kan du lese planen her: Klimaplan for 2021-2030. Du kan lese om jordbruk frå side 100. Regjeringa sitt arbeid med forbruksendringar som indirekte kan gi utsleppsreduksjonar i jordbrukssektoren kan du lese på s 116.