Vi føl sjølvsagt med på korleis smittesituasjonen utviklar seg, og er kring kursdatoane, men vi satsar på å gjennomføre årets kurs. Nytt av året er at vi òg kjem til å tilby eit digitalt kurs, då mange truleg ikkje ynskjer å møtast fysisk grunna Covi-19.  Du kan melde deg på digital kursform her.

Årets Temakurs kjem til å ha fokus på Finansrekneskap, og kurshaldar vert Mari Hamnes frå Sticos. Kurset  tek for seg risikoelement i rekneskapen, kundefordringar og leverandørgjeld. Meir informasjon om kurset finn du her.

Skattekurset tek føre seg tema som ektefellebeskattning, lønn, trygd og digitalisering av rekneskapen. For fullstendig program sjå her.

Påmelding:

Dersom du har deltatt tidlegare kan du melde deg på elektronisk via mi side her.

Om du ikkje har delteke på skattekurs tidlegare, må du melde deg på via påmeldingsskjemaet som er sendt ut til alle samarbeidande skattekontor.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med Birgitte Bjaanes (birgitte.bjaanes@bondelaget.no).