VERV: Inge Brekke er  tillitsvald hjå Landkreditt. Han er også 2.vara i Sogn og Fjordane Bondelag.

 

- Landkreditt er ein samvirke bank. Den er eigd og vert driven av bønder. 

Det fortel Brekke. Han er årsmøteutsending for Landkreditt i Sogn og Fjordane, for 4. år på rad. Tidlegare har han vore vara. 

-  Dei er gode på landbruk og har bra villkår.  

Landkreditt vart etablert som kredittforeining i 1915, med formål om å betre økonomi hjå medlemmane.I 2002 etablerte Landkreditt bank, og er i dag eit finanskonsern med bankprodukt, leasing og forsikring. Landkreditt rettar seg mot landbruk og personmarked. 

 

- Gode ordningar

 

 

- Landkreditt Bank har store fordelar for dei som er medlem i Bondelaget. Ein får mellom anna 1,30% rente på heile beløpet, når innskotet er minst 100 000 kroner. Dersom innskotet er over 500 000 kroner, får ein rente på 1,80%. 

Ifylgje Brekke er det ingen depotgebyr ved lån, samt at banken har gode villkår for eigarskifte.

- Banken er godt eigna for folk som skal overta eit gardsbruk. Dei veit verkeleg kva dei held på med, dessutan er det gunstig rente. 

 - Det er jobb å byte bank, men av og til er det verdt det. Ein kan spare mykje pengar på det.  

 

Les meir om Landkreditt Bank her.