- Dette er heilt fantastisk kjekt, seier Fossheim.

Ho er godt nøgd med fruktfestivalen på Leikanger. Med over 20 stands og gode besøkstal, skin Fossheim som ei sol.

- Eg tippar over 1000 mennesker har vore innom, fortel ho.

Festivalen gjekk frå torsdag til søndag forrige helg, og er alltid fyrste helga i haustferien.

- Mange kjem heim når det er haustferie, difor er det lurt å gjere det slik.

Ifylgje Fossheim er dei fleste på arrangementet lokale, noko som gjer festivalen til ein god møtestad for bygdefolket.

 

Sjå video med Birte Fossheim her:

https://www.youtube.com/watch?v=zHvYyp9KEi8

 

Ynskjer fleire tilreisande

Sjølv om prosjektleiaren er nøgd med både stands og antall besøkjande, meiner ho festivalen har meir å gå på.

- Me skal gjere nokre grep til neste år, slik at det kjem fleire tilreisande. Me tykkjer arrangementet er så fint, at me tåler å få andre enn lokale på besøk.

Planen er mellom anna å betre marknadsføringa.

- Eg trur me vil løfte festivalen om me betrar oss der.

 

Gode tilbakemeldingar

- Me får utruleg god respons, seier Fossheim.

Ho fortel at ho får mykje energi av å sjå på alle menneska.  

- Eg blir så glad. Leikanger treng møtestader som dette, difor er det moro at folk stiller opp og at arrangementet er så poulært.