Aurland kommune er kanskje ein av Vestland - om ikkje Norge - sine mest fotograferte kommunar, og vert i eit normalår besøkt av fleire hundretusen gjestar frå fjern og nær. Turistar kjem langvegsfrå for å sjå det unike landskapet, og i eit kjapt Google-søk poppar det opp bilete over flotte fjordutsikter....med levande bygder og gardsbruk langs fjordkanten. - Reiselivet og landbruket i kommunen heng saman, seier Sigurd Vikesland.

Aurland er ikkje berre ein reiselivs-kommune, det er òg ein geite-kommune. Geita er på plass i kommunevåpenet, og det ligg fleire geitebruk i dei bratte bakkane langs fjorden. Sigurd er ein av bøndene i Aurland kommune. Saman med familien driv han med geit og sau på garden Vikesland, i bratt terreng 500moh over Aurlandsfjorden. Her har dei ei spektakulær utsikt over fjorden. 

 - Reiselivsnæringa her er avhengig av at det er eit levande jordbruk i bygda, seier Sigurd. Landbruket gir ikkje berre mat til Norges befolkning, det gir òg opne kulturlandskap, flotte utsiktspunkt og ikkje minst lokale spesialitetar til turistane. Matopplevingar er for mange turistar ein viktig del av reisa, og at ein då kan tilby lokale spesialitetar er ein stor berikelse for reiselivsnæringa. Slik blir det eit samspel mellom næringane, der landbruket gir ekstra verdi til reiselivsnæringa og reiselivsnæringa gir grunnlag for lokal matforedling og andre tilleggsnæringar.

Utsikt over Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen. Kjent motiv frå reklamer for Norge i det store utland. Det er ikkje dei flate, store, lettdrivne gardane du finn her...

Når ein står ved fjorden og ser seg i kring, så er det ikkje store flatene før ein byrjar å klatre opp fjellsidene. - Dette er eit godt døme på at landet vårt er mangfaldig når det kjem til landskap, og me treng difor eit landbruk som er like mangfaldig, og som er tilpassa landskapet der det er. For vår del er det utmarksbeite som er den store ressursen. Me har bratte fjellsider og eit landskap som er perfekt for geita og sauen. Her beitar dyra våre frå fjordkanten og opp til 1500 meters høgde. Dei føl snøkanten opp etterkvart som det smeltar og trekk nedatt frå fjellet etterkvart som det haustast i høgda. Slik nyttar me areal som ikkje kunne blitt brukt til anna matproduksjon. Me held landskapet opent og gjer det attraktivt for turistar å komme hit. 

Men Sigurd kjenner på presset om å stadig verte større og effektivisere. - Det er ikkje mogleg for oss å verte større. Landskapet vårt er ikkje mogleg å effektivisere og gjere meir lettdrive enn det allereie er. Det er bratt her, me får ikkje flata ut fjellsida. Dermed vert det umogleg for oss å både blir større og springe fortare enn det me allereie gjere.

Sigurd etterlyser ei inntektsauke i landbruket for å sikre vidare rekruttering. - Det må vere attraktivt for neste generasjon å ta over, og då må inntekta auke. Det må vere mogleg for ein å investere og satse vidare, sjølv på dei gardane me har her. I tillegg må det vere slik at ein kan ha råd til å vere sjuk og få avløysing. Me jobbar 7 dagar i veka, alle raude dagar, og det er langt ifrå ein "8-16 jobb". Mange yngre tel nok på knappane, skal dei gå inn i ein både fysisk- og tidkrevjande jobb og i tillegg ha låg løn? Eller skal ein finne seg ein meir komfortabel jobb med fri kvar helg og raude dagar OG ei god løn? Snittalderen på bonden i dag er 54 år, korleis trur du det ser ut her om nokre år viss ikkje ein får rekruttert neste generasjon? 

Har du ein beskjed til Stortinget?

- De må verdsetje matproduksjon på grunnlag av beitebruk! Det kan du gjerne skrive i utheva skrift, helsar Sigurd.  

På veg til Oslo stogga traktoren på cruisekaia i Flåm, og Nils Magne Gjengedal tok ein prat med representantar for bøndene i kommunen. Frå høgre: Nils Magne Gjengedal, Sigurd Vikesland, Olav Grønsberg, Gunhild Strand Borlaug og svigerdottera. Dei kom med ost frå Underdal og spekepølse av geitekjøt som Nils Magne tok med vidare på turen til Oslo.