Ole Bjarne Hovland vaks opp i den vetle veglause bygda Naddvik på garden Hovland. På skulen var dei totalt 6 elevar fordelt på 6 klassetrinn. I 82 fekk bygda vegutløysing til Årdalstangen og ein heilt ny verden opna seg for ein tenåring. På 90 talet fekk Naddvik veg til Lærdal og ferje mellom Manheller og Fodnes.

Ole Bjarne tok fagbrev som tømrar før han gjekk eit år på Mo jordbruksskule og eit år agroteknikk på Jønsberg, ikkje så langt frå Hamar. - På den tida eg tok landbruksutdanning var det kortare veg til Hamar enn Førde, det er rart å tenke på kor store samferdsels endringar me har hatt på kort tid i vår region, seier han. - Alle desse samferdselsendringane har ført til at me bønder også kan samarbeide mykje tettare.

Etter skulegang og eit år i kongens garde bar det heimatt til nesten 20 år som tømrar i ulike firma. Han sette opp nytt bolighus på garden i Naddvik, og tok over drifta 2006. Det var ikkje så mange bønder i bygda, så Ole Bjarne fekk mange tillitsverv. Alt i frå villreinforvaltning, hjort, beitelag, Nortura, Sau og geit og Bondelaget i Årdal.  - Landbruket er ikkje akkurat underorganisert, seier han, men dette var svært lærerikt for meg i oppstartfasen som bonde.

Kva for tema er du spesielt opptatt av?

Eg er spesielt opptatt av beiterett og beiteprioritet, at me framleis skal ha ein matproduksjon som er tufta på bruk av utmark. Når ein ser utviklinga med auka bruk av kraftfôr og redusert bruk av utmarksbeite so er ikkje de ei bærekraftig utvikling i tida som kjem. 

I 2014 hadde Naddvik Beitelag massive angrep av jerv, og over 170 lam og sau vart tapt. Jerven tok dei første lamma med ein gong dei kom til fjells og fortsette i heile beiteperioden. Som beitelagsleiar og sauebonde var dette ein svært vanskeleg periode, og engasjementet mitt kring småfehaldet sin posisjon auka.

Kva vil du ha spesielt fokus på som tillitsvald i Vestland Bondelag?

Eg er sikker på at bonden som driv matproduksjon i utmarka kan sjå lyst på framtida, sjølv om kjøtkonsumet er synkande. Nær halvparten av arealet i Norge er definert som beiteareal, og Vestland har store unytta areal til beitedyr. I tillegg har beitedyra prioritet framfor rovdyr.

For bonden i Vestland er det avgjerande at ein får løn for å ha dyra på beite, no er det mest lønnsamt med store volum. På vestlandsbonden sine gardar og utmark er ikkje volumproduksjon mogleg i same grad som dei sentrale områda for matproduksjon. Ein må difor bruke ein sterkare differensiering enn i dag.

I ung alder starta eg med skyting som hobby, og har delteke på nær alle landskyttarstemna sidan 1985. Grunnen til denne interessa var at eg ville verte ein god jeger sidan garden hadde løyver på rein og hjort. Etterkvart har hjortestamma auka, og no har utleige av  jakt på rein og hjort blitt ei god attåtinntekt på garden. Hjorten er ei plage for mange, men òg ein resurs. Om dei som har løyve i større grad samarbeider for å ta ut denne resursen so meiner eg dette er ein vinn vinn. Alt for mange løyver vert ikkje felt i Vestland.

Kva for forventingar har du til Vestland Bondelag?

Forventningane mine til Vestland Bondelag er at me ilag skal klare å løyse saker som vestlandsbonden ikkje klarer å løyse åleine. Då eg var deprimert sommaren og hausten 2014 var det godt å tømme min frustrasjon på nokon. Vestland Bondelag skal virka lyttande og hjelpande for vestlandsbonden, og me må syta for å skapa gode møteplassar. 

8. klasse på gardsbesøk

Utleige av jakta er ei god tilleggsnæring for Hovland Gard.

Ole Bjarne som kokk for Eid Bondelag i 2018