I presentasjonsrunda av styremedlemene i Vestland Bondelag, er turen komen til Knut Byrkjenes Hauso frå Hauso i Ullensvang kommune. Hauso er fruktbonde, og har ca 50 dekar med frukthagar med moreller, plomme, pære og eple. I tillegg har han 4-6 bikuber for pollinering av  hagane. - Eg er vel styremedlemen som har desidert flest husdyr, ler Hauso.

Hauso har vore fruktbonde sidan 1990 og er godt kjent med å ha tillitsverv. Han har vore med i styret i Hordaland Bondelag, samt hatt ulike verv i Ullensvang Hagebrukslag, Hardanger Fjordfrukt SA, NLR-Vest SA og andre verv innan lokale lag og organisasjonar. Utover å vere fruktbonde har ha òg jobba som faglærar ved Statens Gartnerskole, vore fagassistent ved Institutt for fruktdyrking ved Norges Landbrukshøgskule, samt vore produksjonsleiar for Sørgrønt AS.

- Eg tykkjer det er svært givande å vere med i organisasjonar og samarbeide med andre. Ein er nok individualist som bonde so då er det viktig å komme seg ut i organisasjonsarbeid og jobbe for fellesskapet. Dynamikken som oppstår når ein er fleire om å løyse utfordringar er svært viktig. Løysingane blir ofte annleis og gjerne betre enn ein hadde tenkt aleine. Å ha nokon å kaste ball med er viktig for å finne dei beste løysingane, seier Hauso. Lagsport er noko han held på med på fritida òg, og spelar både fotball og volleyball.

Kva engasjera deg i norsk landbruk?

- Eg er opptatt av å halde meg oppdatert fagleg og å følgje med på utviklinga av næringa både når det gjeld marknad, produktutvikling, reiskapar og teknologi. Alt dette er ferskvare. Verda går framover, og sluttar ein å følgje med på utviklinga er det kort veg til stagnasjon. For meg er det viktig at me som driv i bratte fjordlandskap er med på utviklinga og at me ligg føre. Den teknologiske utviklinga er på full fart inn i fruktnæringa, og me må følgje med og gjere det me kan for å dra nytte av utviklinga her òg. Det gjeld både reiskapar og robotteknologi. For me har andre utfordringar her med landskapet samanlikna med flatbygdene austpå. Mange av oss har bratte og kuperte gardar, gjerne òg med oppdelte teigar. Difor er eg opptatt av det eg kallar for flatt-bratt, nemleg at me må gjere det me kan med areala våra for å gjere dei meir lettdrivne. Planere ut og gjere det mindre kupert slik at kvardagen blir enklare. Me må posisjonere oss for framtida og ikkje hamne på hæla.

Kva forventingar har du til å sitje i styret i Vestland Bondelag?

- Eg trur dette blir veldig spanande og kjekt. Det er viktig at me no viskar vekk gamle fylkesgrenser og blir til eit nytt fellesskap. Vi skal vere Vestland Bondelag og skal jobbe for at Vestland Bondelag blir best mogleg. So er det viktig å skape ei forståing for korleis det er å vere bonde i Vestland i alle produksjonar, og å få fram kor viktig det er å ha eit levande landbruk her. Det er mange fjordar i verda, men det som er unikt med våra fjordar er aktiviteten langs fjordane. Her klorar me oss fast i bratta.