MEIERIET I VIK.

 

- Her på Meieriet i Vik går alt som normalt, med unntak av ostebaren. Den har me stengt.

Det fortel Anders Østby, fungerande Meierisjef på Meieriet i Vik. Ostebaren ligg i første etage i produksjonsanlegget, og er ein kafe med direkteutsalg av dei lokale meierispesialitetane.

- Me måtte stenge den, då det starta å dra seg til med korona. Me gjorde det for å skjerma verksemda vår.

 

Anlegget stengt for besøkande

- Me har oppgradert tiltaka våre, forklarar Østby.

Han fortel at ingen får besøke anlegget slik som situasjonen har blitt, og at dei forsøker å ha det mest mogeleg stengt for omverda.

- I tillegg har me oppgradert tiltaka på hygiene. Me forheld oss til rettningslinjene og pålegga som kjem frå TINE sentralt og myndigheitene.

 

Rosar rutinene rundt inntransport

- Me set veldig stor pris på rutinene på inntransport. Eg vil verkeleg rose dei som jobbar med det, i forhold til gode rutinar.

Østby fortel at TINE har interne møter dagleg, og at dei tek besluttningar etterkvart som ting skjer. Han ynskjer ikkje vera meir konkret, då situasjonen med korona-viruset er vanskeleg å spå.

- Me får sjå kva som skjer, dette er ein heilt ny situasjon for oss.