Her kan du lese heile tilsvaret som Felde har sendt:

Kommentator i BT Hans K. Mjelva tek til orde for at vi skal fjerne importvernet i ein kommentar i BT onsdag 1. februar.  Manns minne er ikkje so langt, men eg tenkjer sjølv mest på sikker matforsyning, men dette synest ikkje å vere like interessant for Hans Mjelva. Drit i resten av verda berre vi får billig mat, ser ut til å vere hans motto. 


Mattryggleik er å ha tilgang til nok mat, trygg mat og næringsrik mat for å kunne leve eit aktivt og sunt liv.  På FN sine nettsider står det vidare at nesten eitt av tre menneske i verda – 2,3 milliardar menneske ikkje hadde tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat i 2021. 


I mi verd betyr dette at kvart land har eit ansvar og ei plikt til å produsere mest mogeleg mat til eiga befolkning.   I Norge har vi klare mål som skal sikre at areal vert brukt til å produsere mat til eiga befolkning.   Det er bra!  Likevel importerer vi svært mykje av maten vår.   Om vi hadde nytta alle ressursane våre godt kunne mykje av maten vi importerer vore eten av andre menneske som ikkje har fått ete seg mett. 


Før pandemi og krigen i Ukraina, som er mykje av årsaka til kostnadsvekst på innsatsfaktorar og med det auka pris på sluttprodukta, laga SSB ein oversikt over kva norske hushald brukte pengane sine på.   I 1980 brukte vi 20% av inntekta vår på mat, i 2000 kring 14% og i 2017 kring 12%.   Dette viser at vi har vore inne i ei tid då mindre og mindre av løna vår går til mat.  


Kostnadsveksten i verdikjeda for mat har vore enorm siste halvanna året, særskilt på straum, drivstoff og kunstgjødsel. Regjeringa har kompensert og skjerma bonden og forbrukaren gjennom eit jordbruksoppgjer der mesteparten var lagt på budsjettoverføringar, dei har fått på plass straumstøtte til bonden, og berre ein mindre del har gått til å auke prisane til bonden.   Resten av verdikjeda har auka straum og transportkostnader.  Til dømes har slakterikonsernet Nortura auka sine straumkostnader med ca. 300 millionar i 2022.   Desse kostnadane må dekkast inn gjennom høgare matprisar. 


Resten av verda har stort sett større prisvekst på mat enn Norge.  Dette fordi dei ikkje har jordbruksforhandlingar mellom Staten og næringa, slik at det å kompensere bonden sine auka kostnader i form av budsjettstøtte ikkje er mogleg i same grad som i Norge.  All kostnadsvekst må takast i marknaden.  Mjølkeprisen har til dømes auka mykje meir i mange av dei Europeiske landa enn i Norge, samtidig har også mjølkeprodukta i Norge stege mykje meir i butikk enn det bonden får betalt.


Verdikjeda for mat, frå jord til bord sikrar oss mat på bordet i ei uroleg tid. Framtidige klimaendringar gjev store utfordringar for verda sin matproduksjon. Færre bønder skal produsere meir mat, til ei veksande befolkning, i ei verd prega av klimaendringar og væpna konfliktar.   Ei norsk verdikjede for mat sikrar oss rein og trygg mat, eit vakkert landskap og nærare 100 000 arbeidsplassar.  Eit sterkt tollvern er med på å gjere det mogleg. 


Utan eit sterkt importvern er Norsk landbruk og verdikjeda for mat meir eller mindre ferdig. Eit slikt grep ville også vere direkte uansvarleg med tanke på Norsk matvaretryggleik.  Mattryggleik handlar om vår evne til å takle framtidige brot i mattilgangen.  Både om kor mykje mat vi har tilgjengeleg og i kva grad vi som lever her har tilgang til maten., avsluttar Felde.