LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

-  Eg er nøgd.  Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram torsdag 6.oktober får Landbruks -og matdepartementet ein vekst på 24,7 %. Det er ein vekst på nær seks milliardar kroner.

-  Dette heng mellom anna saman med jordbruksoppgjeret, forklarar Felde. Verdsbilde i dag viser at eigen matproduksjon spelar ei avgjerande rolle i Norsk beredskap. Vi håpar matkjedane også følgjer opp og legg til rette for auka bruk av Norske råvarer i butikk, dette gjer ein gjennom å kutte meir i bruken av importerte råvarer.

Det er skuffande at Regjeringa ikkje legg opp til eit sterkare tollvern gjennom ein overgang frå kronetoll til prosenttoll på fleire tollinjer. Dette hadde sikra ein større forutsigbarheit for ein auka norsk matproduksjon, og det er avgjerande at regjeringa får dette på plass snarast råd.

Regjeringa forlengar også straumstøtta til landbruket fram til 1. juli og senker dieselavgiftene i forslaget til Statsbudsjett og dette er grep som er viktige for bonden i tida som kjem.

 

87,5 millionar til Bionova

- Bionova er ei ny innovasjonssatsing der målet er å gje utsleppsreduksjon i landbruket. Bionova skal etablerast som ein del av Innovasjon Norge.

Felde tykkjer det er ein god start på ei ny satsing , og vi forutsetter at Bionova kjem med verkemiddel knytt til eit klimasmart landbruk i tida som kjem.  Bionova skal etablerast i Mjøstårnet i Brummunddal, der dei vil få eit titalls ansatte.

- Bionova er viktig for at bonden skal klare å oppnå klimamåla i landbruket.

 

20 millionar til kornlagring

- Det gler meg å sjå at regjeringa føreslår å løyve 20 millionar kroner til beredskapslager av korn. Dette er på ingen måte nok til å få på plass beredskapslager, men vi tolkar det slik at dette sikrar ei god utredning på korleis ein faktisk skal legge til rette for beredskapslagringa.

Dette meiner Felde er avgjerande for beredskapen i urolege tider.

- Krisar kan gjere matforsyninga meir utrygg, dette har mellom anna krigen i Ukraina vist oss.

Felde legg til at etableringa av kornlageret vil starte hausten 2023.

 

Satsar på fjellandsbruket

Det blir sett av pengar til etablering av eit eige senter for fjellandbruket, og det er viktig at også Vestlandet blir inkludert i satsinga på