Matproduksjon er ein viktig del av beredskapen

- Ein spreidd matproduksjon basert på familiejordbruket, med ein tydleg kanaliseringspolitikk, vil kunne sikre ein høgare norsk matproduksjon, og med det styrke matberedskapen vår sa fylkesleiar Anders Felde då han innleia på seminar i regi av LO og NNN i Hordaland sist veke.
LO Bergen og Omland og NNN (Nærings- og nytelsesarbeiderforbundet) avdeling Hordaland inviterte til halvdagsseminar med fokus på matberedskap i Bergen den 8. september. Fylkesleiar i Vestland Bondelag; Anders Felde var ein av innleiarane. HER finn du Anders Felde si innleiing.
Rådgjevar i tankesmia Agenda, Axel Fjeldavli presenterte rapporten: Matens rolle i totalberedskapen Fjeldavli set også fokus på beredskap i eit lesarinnlegg denne veka.
Statsråd i Landbruks- og Matdepartementet Sandra Borch deltok med innlegg via videolink.
Deltakarane i debatten etter innleiingane f.v. leiar i Vestland Bondelag Anders Felde, leiar i Åsane Arbeiderparti Even Sørland, representant frå Tine Meierier og rådgjevar i tankesmia Agenda Axel Fjeldavli.
Beredskap eit svært viktg og aktuelt tema
På møtet i Bergen vart det sett fokus på matberedskapen. - Matberedskapen er ein viktig del av totalberedskapen, sa fylkesleiar Felde i Bergen. Det pågår no eit arbeid med å utgreie totalberedskapen i Norge. Regjeringa har sett ned ein Totalberedskapskommisjon som skal levere sin rapport i form av ein NOU til Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2023.