Mange "ballar i lufta" på årets viltseminar

- Årets viltseminar var prega av tett program med mange gode og varierte innleiingar
Det årlege viltseminaret er eit samarbeid mellom Vestland Bondelag, Norsk hjortesenter og NJFF sine regionlag i Hordaland og Sogn og Fjordane. Årets seminar vart skipa til på Skei den 7. og 8. februar og må seiast å vere eit vellukka seminar. Innleiingane vart mange, ogdet kunne gjerne ha vore noko betre tid til spørsmål og dialog, men samstundes gav alle innleiingane faglege godt påfyll.
- Det er ikkje tvil om at det er mange ulike saker som er i rørsle innan viltforvaltning. Det kan vere nok å nemne:
- Flytting av ansvar for haustbart vilt frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet
- Ny hjorteviltstrategi
- Revidering av viltressurslova
- Konflikt mellom beitedyr og vilt
- Kunnskap hos folk flest på kva jakt er
- Trong for betre rekruttering av nye jegarar
- Teknologidebatt
Forvaltning i fokus på fredagen
Om du ikkje hadde høve til å delta så deler vi nokon plansjar frå seminaret her:
Arne Sandnes, Landbruks- og Matdepartementet
Lars Bendik Austmo og Runar Myrvang frå Landbruksdirektoratet
Finn Olav Myhren frå vestland Fylkeskommune
Vidare gjekk ein vidare til å fokusere på beiteproblematikk mellom vilt og husdyr før ein fann vegen til eit endra klima sin innverknad på viltet sine levekår
Even Unsgård, stipendiat NIBIO
Joar Helgheim, einingsleiar landbruks og Mijø Sunnfjord kommune
Atle Nesje, professor emiritus UIB
Jaktutøving på agendaen på laurdagen
Ann Kristin Gaare, Jølster Jeger og Fisk med fokus på rekruttering
To innleiingar med fokus på hund:
Renate Gjelsvik, Førde jeger og fisk
Jarle Birkeland, Hordaland Elghundklubb
Erik Waaler hadde ei spanande innleiing om jakt på smårovvilt for professor eminritus, Torstein Storaas avslutta innleiingane med ein engasjerande tankevekkar til deltakarane.
Arrangørane håpar å kunne invitere til nytt og spanande seminar i 2026. Takk til alle som deltok og medverka i 2025.