Det historiske vedtaket vart gjort i årsmøtet måndag den 24. oktober på Stardalen Bygdetun.  Noverande styre vert sitjande til samanslåinga med Jølster Bondelag kjem i orden.  Det er eit mål å få til dette innan årsskiftet.

Organisasjonssjef Lars Peter Taule deltok frå fylkeslaget i møtet.  Han kan melde om godt ordskifte kring dei tema som han tok opp i si innleiing.  Skikkeleg kveik i møtet vart det når Marit Flatjord reklamerte for det opne møtet som skal vere på Skei den 1. november om forvaltning av hjortevilt.   Lenkje til innbydinga til opne møte om hjorteviltforvaltning i Sunnfjord.

Triveleg prat om alvor og skjemt kring god kveldsmat