Flora Bondelag sine medlemer driv matproduksjon på øyer og fastlandet langt nordvest i Vestland.   Årsmøtet vart gjennomført på Stavøya og Leidulv Beverli Stavø vart attvald som leiar.

Ved sidan av investeringsmoglegheiter var årsmøtet opptekne av alle dei stadig fleire krava som landbruket må forhalde seg til i drifta.  - Det er krevajande å stadig måtte forhalde seg til nye krav som kjem ovanfrå og dett ned over hovuda våre.  Vi føl opp så godt vi kan vart sagt i møtet. 

Variert arbeidsplan

Nils Magne Gjengedal representerte fylkesstyret.  Han kan rapportere om ein variert arbeidsplan der både Open gard, plastinnsamling og felles julebord med dei andre laga i kommunen er noko av innhaldet.  Elles har han lagt ved to bilete som syner flott natur på veg til Stavøya.

Flott kystnatur i overgangen mellom ettermiddag og kveld på veg til årsmøte i Flora Bondelag

Styret

Styret i Flora Bondelag f.v. 1.vara Hjørdis Svortevik, Nestleiar Ove Kjetil Færøyvik, Leiar Leidulv B.Stavø, Seketær Øyvind Mjønerud og Styremedlem Torgunn Elisabeth Eikevik. (Kasserar Andre Espeset var ikkje tilstades)