YNSKJER FLEIRE MED PÅ LAGET: Nils Magne Gjengedal. Han er 1.vara til styret i Vestland Bondelag. I tillegg er han leiar i verveutvalet til Vestland Bondelag.

 

- Bondelaget er ein veldig god organisasjon å vere medlem i, seier Gjengedal.

Norges Bondelag arbeider mellom anna med å betre villkåra for landbruket, auka sjølvforsyninga og er ein part i dei årlege jordbruksoppgjera.

- Ein er med på å forme kvardagen til norske bønder. Som medlem blir ein del av ein fantastisk gjeng. I Bondelaget kan ein seie meininga si, og på den måten vere med på å påverke. Matproduksjonen er det viktigaste me har.

 

Ynskjer alle velkomne

- Ja, her får alle vere med. Bønder, grunneigarar og alle som ynskjer å støtte norsk landbruk.

Gjengedal fortel at alle er velkomne som medlem.

- Saman er me sterke. Framtida treng oss.

 

 

Korleis bli ein del av laget?