Luke 9
No kan du opne luke ni i julekalenderen vår.
- Livet som bonde er ganske fritt. Eg kan legge opp mykje av dagen sjølv, i tillegg til at eg får vera mykje ute. Det set eg veldig stor pris på, seier Ole Bjarne Hovland.
Me treff Sogningen heime på garden i Naddvik i Årdal kommune. Han er stolt over yrket sitt, og glad for at han våga satsa på garden.
- Eg er oppvaksen på gard, og hadde odel på denne garden. Det var ein sjanse eg måtte ta.
Mykje å gjere
- Hovudproduksjonen er sau, eg leverer mellom 200-250 lam til slakt.I tillegg driv eg med sal av jaktløyver, hytteutleige og vidareforedling av kjøtt.
Garden har vore i slekta i fleire generasjonar, og er ein gard rik på minner. Hovland fortel at han lev eit godt liv, sjølv om det til tider kan vera travelt.
- Akkurat no går mykje av tida til avl og inseminering. Elles har ein lamminga, sanking og slått på sommaren. Sauehald er variert arbeid.
Ser lyst på framtida
- Framtida på Hovland Gard ser bra ut. Me har gode fjellbeiter, og me har litt dyrka mark nede i dalen. Eg tykkjer det fungerer bra i dag, og det håpar eg det vil gjere vidare framover også.
Hovaland fortel at matproduksjonen i Norge blir viktigare og viktigare, ettersom det vert mindre mat andre stader i verda.
- Det er viktig å produsere mat der ein kan produsere mat. Når det gjeld sau, ser eg ikkje noko bedre plass enn indre Sogn å drive med det. Det er klart me har våre utfordringar med rovdyr, men det er noko me jobbar med.
Trass utfordringa med rovdyra, er Hovland ved godt mot.
- Eg vil vera positiv, og håpar eg går gode dagar i møte.