LUKE 23: I dag møter me Atle Kringlen, han er stolt bonde på garden Kringla i Naustdal.

 

- Ein slik gard er ikkje berre maskinarbeid. Du er avhengig av folk som kan gå ut på bøen med rive og gaffel, fastslår Atle Kringlen.

Det kjennst som ein køyrer rett til fjells, og på mange måtar gjer ein akkurat det. Garden Kringla i Naustdal klorar seg fast til ei fjellhylle 325 m.o.h. over Førdefjorden. Avsides men ikkje gløymd. På vegen opp møter me både postbil og mjølkebil.

- I 1984 fekk me utbetra vegen slik at mjølkebilen kom til gards. Før det nytta me taubane, fortel bonden med slektstre på garden tilbake til 1860.

 

13 mjølkekyr, ein sunnfjording, og ei frå Amsterdam

EIT GODT LIV: Atle og Ingrid Kringlen har funne roen på garden Kringla. 

 

Berre sjølve tunet på den velhaldne, gamle garden er å rekne som flatt. Her oppe skrår det meste. Frå fjell til fjord. Tungdrive, vil dei fleste seie. For Atle Kringlen og kona Ingrid er det heilt normalt. Dei brukar mellom anna utstyr frå Sveits under slåtten.

- Det er ikkje berre å setje seg i traktoren med rundballepressa, og så er me ferdige på to dagar. Me slår i to veker, me, for å få med kantar og det som er.

Tredjeslåtten kan dei gløyme så høgt til fjells, men dei slår fleire gardar for å få fôr til buskapen som tel 13 mjølkekyr + ungdyr og 13 sauer. I tillegg bur det tre generasjonar Kringlen rundt om på tunet. Gamlebonden er framleis klår i sitt 90. år.

Som generasjonen før seg, har dagens drivarar valt eit bondeliv ulikt utviklinga elles i landbruket. Dei vil aldri klare å få 50 mjølkekyr eller 250 vinterfôra sau. Her snakkar ein småskala, sjølv for Vestlandet å rekne. Men ein snakkar også om eit verdival. Den storslåtte naturen, avsides men likevel nær både butikken i Naustdal og byane Førde og Florø. Det å sette pris på det ein har, føre slektsarven vidare og halde jorda i hevd. Og ein føresetnad for alt dette: Kjærleiken mellom ein sunnfjording frå utkanten, og ei nederlandsk byjente.

- Me gifta oss i 1987. Når ein blir forelska tek ein det som fylgjer med, og eg var jo interessert i dyr. Dermed blei eg også med på kjøpet, ler Ingrid Kringlen.

 

Sjukehus og bonde

MANGE GODE MINNER:  Ingrid og Atle har mange gode stunder å sjå tilbake på. Eit av høgdepunkta, frå gardsdrifta, var då nye fjøsen sto ferdig på 1980 talet. 

 

Nytrekt kaffi og kokesjokolade er komen på bordet i kjøkenet. Veggene har sjel. Det er koseleg, meir enn moderne. Vertskapet oser ein varme og kjærleik for kvarandre. Mest som nygifte, ikkje 30 år langt ekteskap.

- Me hjelper kvarandre med det meste, ikkje minst er det viktig å snakke om ting. Snakke om ting me er opptatt av til kvardags, og at me begge er oppdaterte på kva som skjer heile tida, forklarer mannen i huset.

Byjenta frå Amsterdam hadde jobba to år som sjukepleiar ved Førde sentralsjukehus då ho møtte sitt livs kjærleik. I 1992 tok dei over garsdrifta etter svigerforeldra og busette seg få meter frå veggen til kårhuset.

- Eg var ikkje heilt uvand med dyr, sjølv om eg er byjente. Eg hadde drive med hest. Dyrestell har eg alltid likt, fortel Ingrid på klingande sunnfjordsk, med ein svak aksent.

Ho er framleis i jobb ved operasjonsavdelinga i Førde, ved sidan av gardsdrifta. For han, som også er nestleiar i Naustdal Bondelag, er garden derimot heiltidsjobb. Han tykkjer mjølkeproduksjon er vanskeleg å kombinere med anna arbeid. Samstundes gir det rom til å drive skogsdrift både vinter- og sommarstid.

- Eg tenkjer rett som det er at eg aldri hadde overlevd på eit kontor.  Eg likar meg godt ute. Både på arbeid og fritid så er eg ute i naturen. Det å få jobbe med dyr og natur. Du er din eigen herre.  Du kan stort sett bestemme over dagane sjølv, seier han og smiler mot kona.

 

Koplar av med sau

GOD KJEMI: Sauene er Ingrid sitt ansvar. Ho tykkjer det er kjekke dyr å jobbe med. 

 

For Ingrid har livet på fjellgarden, ifølgje ho sjølv, vore ein vinn-vinn-situasjon, trass at det blir både lange og travle dagar.

- Gardsdrifta er ein fin avkopling frå arbeidet eg brukar gjere.  Som sjukepleiar har eg kunnskap om både stell og fødsel og kva det måtte vera av sjukdommar og slike ting.

Det siste har ho sæleg fått nytte av etter at ho fann ut ho ville starte med sau. Mens Atle held styr på mjølkekyrne, er dei 13 sauene som er komne til gards, Ingrid sitt ansvar. Det blir både lemming og fødselshjelp. Liv og død. Som i jobben på sjukehuset.

- Men det er han som køyrer maskiner. Eg køyrer ikkje traktor. Eg rakar mykje, står i siloen , fyller på syrekanene, det er sånne ting. Me deler på arbeidet.

 

Dyra blir som familiemedlemmer

GODE VENNER: For Atle er dyra som familiemedlem. Om ei ku er litt sjuk, er han ikkje bra han heller. 

 

Slik har ekteparet funne sin balanse. Sin måte å føre garden vidare på. Men det er inga sjølvfølgje. Lysa i mange av husa i slike grender er sløkte store deler av året. Sjølv slår dei åtte gardar, ja, heile grenda.

- Ein skal få det til å fungere med å skaffe fôr til alle dyra, gjødsle og slått. Og ikkje minst vêret er me opptekne av heile tida. Når me driv ein så bratt gard er det vanskelege driftsforhold.

Men ved å, på sett og vis, drive på gamlemåten, har dei også ein annan nærleik til dyra. Kyrne og sauene er ikkje berre produksjonsnummer. Fleire av dei bær eigne namn. Ekteparet føl dei i glede og sorg. Det merkar ein når Atle tek oss med inn i mjølkefjøset som i dagens versjon stod ferdig sist på 1980-talet. Heile familien tok del i bygginga. Det førre var frå 1927.

- Dei blir som eit familiemedlem. Det er slik at om eit dyr er litt sjuk, så er eg litt sjuk og.  Du lever i lag med dei omtrent som du gjer med familien.  Det blir sånn.  Det er kanskje meir på småbruk slik som her. At ein kjenner kvart enkelt dyr veldig godt. I ein større buskap kjenner ein kanskje nokre dyr, men ein klarar ikkje få det forholdet til alle, seier Atle.

 

Neste generasjon kjem etter

FJELLGARD: 325 m.o.h. med fantastisk utsikt over Førdefjorden ligg den bratte og tungdrivne fjellgarden Kringla i Naustdal. 

 

Naustdals-bonden innser likevel at dei færraste i framtida vil drive som han, på ein gard der hellingsgraden utelukkar dei største og mest effektive maskinene, og der han sjølv må brøyte snø for å få mjølkebilen til gards.

- Framtida ser ikkje lys ut for små gardar som her. Om politikken blir vidareført i retning større og effektiv drift, og billigare mat, då greier ikkje me å henge med. Me har ikkje høve til å bygge ut stort og skaffe fôr oppi fjellsida her. Det går berre ikkje.

Så klarer då heller ikkje ekteparet Kringlen å levere heile kvoten på 106.000 tusen liter mjølk. 13 kyr på fjellgard i Naustdal gir 90.000 liter i året. Slikt blir ein ikkje rik av. Dei har valt ein livsstil stadig færre vel. Men samhaldet og opplevingane er også ein form for rikdom. Og når eldste sonen viser interesse for å overta, gir det ei framtidstru, og eit håp om at dei ikkje blir dei siste på Kringla.