Dei fleste av oss har sine faste juletradisjonar, dei tradisjonane det ikkje blir jul utan at dei er på plass. Det kan vere å gå i kyrkja, sjå Tre Nøtter til Askepott, setje ut graut til fjøsnissen, ein spesiell julesong, eller ein spesiell matrett. - For meg blir det ikkje jul utan mamma sin heimelaga lammerull! seier Hanne Lisbeth Nybø på fylkeskontoret.

Kvar oktober blir det kjøpt inn ca 12 kg slagside frå lamb, som mor Liv Helga Lammetun Nybø lagar lammerullar av. - Tradisjonelt sett har vi brukt svangane til lammerullen, men for å få litt størrelse på dei har vi gått over til å kjøpe slagside som vi beinar ut. Det er litt meir arbeid med utbeininga, men det er verdt det, forklarar Nybø. Lammerullen blir laga på same vis som dei alltid har blitt laga på garden.

- Slagsidene blir beina ut og overflødig fett blir fjerna. Deretter strør me kjøttsida med ei blanding av salt, pepar og aspik, før me rullar dei godt saman slik at dei er faste og fine i fasongen, og syr med bomullstråd, forklarar Nybø

Heile sida skal dekkast med krydderblandinga før den rullast saman.

15 stk ferdigsydde lammerullar. Det er viktig å sy dei faste og fine, for ordtaket seier at slik lammerullen din blir, slik blir mannen din...

Etter rullane er ferdig sydde, blir dei lagt i ei sterk saltlake i 4-5 dagar, før dei blir hengt til tørking i cirka 1 månad. På dagar med god tørkevind blir dei gjerne hengt ut i vinden.

Lammerullar på rekke og rad, her etter ca 1 mnd tørking.

- Etter ein månad til tørk er lammerullane litt i ovekant salte. Difor legg me dei i vatn i eit par timar før dei går i gryta for å trekkast i ca 2-2,5 timar. Aspiken som er i krydderblandinga er med på å gjere dei faste og fine, så dermed treng me ikkje legge dei i press etter koking, forklarar Nybø.

Ferdig kokte lammerullar, då er det berre å vente til julefrukosten.

Etter koking og nedkjøling er det berre å vakumpakke dei, fryse dei ned og vente til den store julefrukosten 1.juledag. Eit siste tips frå Nybø er tilbehøret. - Lammerullen er fantastisk å nyte som den er på skiva, men det er òg godt å ha ein purre- og druesalat attåt. Då blandar ein 1 kopp finsnitta purre og 2 koppar druer (delt i to, ta ut stein) med like mengder majones og rømme. God jul!